onsdag 3. februar 2016

Paperless school 2016, nytt prosjekt


Teylingen College, Nederland  and Lycee Joseph Vallot Lodeve, Frankrike meets Stranda Vidaregåande Skule, Norge vår 2016.
1. samling er veke 7 på Stranda. 8 nederlandske og 8 franske elevar kjem til oss og skal bu hjå våre elevar på skulen.
Det blir prosjekt omkring papirlaus skule, og skiaktivitetar i skiløypene.
2. samling blir i april i Nederland. Då kan vi vere heldig å få med oss tulipanblomstringa
3. samling blir i Frankrike i Lodeve i mai.












mandag 2. februar 2015

Nytt prosjekt: Paperless school challenge

Vi er i gang med søknad til eit nytt prosjekt der vi samarbeider med tre andre land: Frankrike, Nederland og Tyskland. I veke 5 arbeidde vi med søknaden, og målet er å redusere papirmengdene i skulen og samfunnet ved hjelp av betre bruk av IKT til læring. Det vil utfordre elevane og lærarar på ny teknologi og nye tankar omkring læringsarbeid. I tillegg vil arbeidsspråket bli engelsk.
Her er link til websida:
http://paperlessschoolchallenge.eu/
Dersom søknaden blir godkjent vil oppstart bli hausten 2015. Vi gledar oss!!

Besøk frå Tyskland 10.-16. februar 2015

No nærmar det seg beøk frå Tyskland. Onsdag kveld 10. februar vil vi få besøk av 7 tyske elevar og 2 tyske lærarar. Dei vil vere på skulen torsdag i vanlege timane. Ta godt imot dei!

torsdag 20. november 2014

Internasjonaliseringsprosjekt 2014-15

Dette skuleåret har vi utveksling med Bertha Benz Schule i Sigmaringen, Tyskland. 7 elevar reiser på besøk veke 49, medan gjenbesøk blir i veke 6. Meir frå besøket og bilder i fana Tyskland 2014.
Ta også ein kikk på heimesida til skulen vår: http://www.stranda.vgs.no/Stranda-VGS/Framsida